Hopp til innhold
 Korallrot. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
Korallrot. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
X
Innhald

Korallrot

Korallrot (latin Corallorhiza trifida), 10–20 cm høg orkidé med gulaktig stengel utan vanlege blad og greina jordstengel utan røter. Blomstrane er usjålege og gulgrøne, og sit i klase. Arten lever i symbiose med sopp og finst i skog over heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013