Hopp til innhold
 Kristtorn. Foto: Iain Turner, flickr.com
Kristtorn. Foto: Iain Turner, flickr.com
X
Innhald

Kristtorn

Kristtorn (latin Ilex aquifolium), opptil 10 m høgt, eviggrønt tre eller busk i kristtornfamilien. Blada er lêraktige og stive med tornar langs randa. Blomstrane er små, kvite og velluktande. Fruktene er kulerunde og korallraude steinfrukter. Den lyse, harde veden kan brukast til finare snikkararbeid. Arten veks vilt langs kysten frå Telemark til Sunnmøre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.01.2013
Sist oppdatert: 29.01.2013