Hopp til innhold
Foto: Danny, Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Danny, Flickr.com CC BY-NC-ND
X
Innhald

Krokus

Krokus, staudar i sverdliljefamilien med blomstrar i gult, blått, fiolett eller kvitt.

Krokus (latin Crocus), slekt med 70 artar i sverdliljefamilien. Desse er staudar som manglar opprette stenglar, men har ein underjordisk, laukforma stengelknoll med inntil 30 cm lange, smale blad som utviklar seg under eller etter blomstring. Blomstrane er trektforma og gule, blå, fiolette eller kvite. Dei fleste artane blomstrar om våren, og nokre få gjer det om hausten. Mange artar og former blir også dyrka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.01.2013
Sist oppdatert: 28.05.2014