Hopp til innhold

 Raps tilhøyrer krossblomsterfamilien. Foto: Matt Lavin, flickr.com
Raps tilhøyrer krossblomsterfamilien. Foto: Matt Lavin, flickr.com
X
Innhald

Krossblomsterfamilien

Krossblomsterfamilien (latin Brassicaceae, tidlegare Cruciferae), plantefamilie med over 3000 artar som er fordelte over heile jorda. Desse er urter med spreidde, fjørnerva blad. Blomstrane er som regel undersitjande med regelmessig firetalskrone og firetalsbeger, og dessutan fire lange og to korte pollenberarar. Frukta er ei skulpe som er danna av to fruktblad.
 
Krossblomsterfamilien har mange ugrasplanter forutan mange nytte- og prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.01.2013
Sist oppdatert: 29.01.2013