Hopp til innhold
 Krypsoleie. Foto: Ben Grader, flickr.com
Krypsoleie. Foto: Ben Grader, flickr.com
X
Innhald

Krypsoleie

Krypsoleie (latin Ranunculus repens), 20 cm høgt ugras i soleiefamilien med ofte mange, overjordiske utløparar som dannar røter ved ledda. Planta har gule blomstrar og blir ofte forveksla med engsoleie (smørblom), men krypsoleie har stilka endesmåblad på dei tredelte blada. Krypsoleie er vanleg på fuktige stader.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013