Hopp til innhold
X
Innhald

Kvann

Kvann (latin Angelica archangelica), meterhøg art i kvanneslekta i skjermplantefamilien. Ho er ei fleirårig, grov urt med sterk aromatisk lukt, og ho har 2–3 dobbeltfinna blad med oppblåsne bladslirer. Blomstrane sit i store skjermar med 25–40 stilka småskjermar.
I Noreg reknar vi med to underartar: fjellkvann og strandkvann. Litt søtlege variantar vart dyrka tidlegare – dei er nemnde i Soga om Olav Tryggvason – og dei hadde eit stort bruksområde. Mellom anna nytta ein dei som grønsak og medisinplante. Det er over 600 stader i Norge med forstavinga Kvann-, og det fortel kor viktig planta var.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013