Hopp til innhold

 Laurbærtre. Foto: chryjs, flickr.com
Laurbærtre. Foto: chryjs, flickr.com
X
Innhald

Laurbærtre

Laurbærtre (latin Laurus nobilis), mellomhøgt, eviggrønt tre i laurbærfamilien. Det har blanke, glinsande og lêraktige blad som er sterkt aromatiske og blir brukte som krydder. Av bæra pressar ein laurbærolje, ein grøn, salveaktig masse som inneheld eteriske og feite oljar, og som er brukt i salver. Arten høyrer heime i Midtausten, men er planta overalt i middelhavslanda, mest som prydplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013