Hopp til innhold
 Lotus i varianten Nelumbo nucifera. Foto: Gravitywave, flickr.com
Lotus i varianten Nelumbo nucifera. Foto: Gravitywave, flickr.com
X
Innhald

Lotus

Lotus, namn brukt om fleire planteartar, til dømes som latinsk slektsnamn på tiriltunge, Lotus corniculatus.
Den kvite og blå egyptiske lotusblomsteren høyrer til slekta Nymphaea av nøkkerosefamilien. Han var eit symbol på liv og vart brukt som dekorasjon og i ornament i Egypt allereie for 5000 år sidan.
Den indiske, altså den heilage lotusen til buddhistane, høyrer til slekta Nelumbo, også i nøkkerosefamilien, og har store, rotknollar som er rike på stive. Desse er brukte i matlaging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013