Hopp til innhold
 Lungeurt. Foto: Maia C, flickr.com
Lungeurt. Foto: Maia C, flickr.com
X
Innhald

Lungeurt

Lungeurt (latin Pulmonaria), slekt med 10 artar i rubladfamilien. Dei er vårblomstrande, fleirårige urter med store, breie, hårete blad. Blomstrane er ofte først raude, og deretter blå eller fiolette. Fleire artar blir dyrka som prydplanter. Tidlegare vart lungeurt brukt mot lungesjukdomar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013