Hopp til innhold
X
Innhald

Lupin

Lupin (latin Lupinus), planteslekt med 200 artar i erteblomsterfamilien. Dei er eitt- og fleirårige urter med mangekopla blad. Det finst mange dyrka artar og sortar i ei rekkje fargevariantar som spreier seg fort på veg- og grøftekantar. Vanlege prydplanter er hagelupin, L. polyphyllus, som blir opptil 1,5 m høg, og den 50 cm høge jærlupin, L. perennis, som har blå blomstrar, samt gull-lupin., L. luteus, som har gule blomstrar.
Lupin står på den såkalla svartelista over planter som bør bli fjerna frå norsk flora på grunn av den sterke invaderande krafta arten har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013