Hopp til innhold
 Malurt. Foto: Matt Lavin, flickr.com
Malurt. Foto: Matt Lavin, flickr.com
X
Innhald

Malurt

Malurt (latin Artemisia), urteslekt med 400 artar i korgblomsterfamilien. Dei har blomstrane i små korger samla i klaseforma blomsterstandar. Fleire av artane veks vilt i Noreg, men mest kjend er burot, A. vulgaris, som har allergiframkallande pollen, og ekte malurt, A. absinthium, med gråkvite, silkelòdne blad og 5 mm store gule korger. Andre malurtartar er markmalurt, A. campestre, norsk malurt, A. norvegica, og dei dyrka artane abrodd og estragon.
Malurt er ei gammal medisinplante. Ho har også vore brukt som møllmiddel (mal = møll) og som smakstilsetjing i vin og brennevin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.02.2013
Sist oppdatert: 05.02.2013