Sequoiadendron giganteum

Sequoiadendron giganteum, mammuttre. Foto frå: Århus, Danmark

Sequoiadendron. Mammuttre i Sequoia National Park, California.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Mammuttre er den einaste arten i bartreslekta Sequoiadendron i sypressfamilien. Dette kjempestore treet er viltveksande i California. Treet kan bli over 100 meter høgt, med eit stammetverrmål på 8—10 meter. Mammuttrea er nokre av dei eldste levande organismaneJorda. I friske stammar er det talt over 3000 årringar, og enkelte meiner at trea kan bli 4000 år gamle.

Faktaboks

Uttale
sequoiadˈendron
Også kjend som
Tidlegare: Sequoia gigantea
Vitskapeleg namn
Sequoiadendron giganteum
Beskriven av
(Lindl.) J. Buchholz
Global rødlistestatus
EN – Sterkt truet

Forskarar ved Humboldt State University har målt dei største mammuttrea og funne ut at dei ikkje sluttar å vekse sjølv om dei er svært gamle og enormt store. Dei blir framleis høgare og tjukkare.

Førekomst

Treet er viltveksande i California i USA, men det er lite igjen av dei opphavlege mammuttreskogane. Eit par mindre skogar er freda som naturparkar. Mammuttre blir av og til planta som prydtre i Noreg.

Mammuttreet «General Sherman» er berømt for å vera det største treet i verda målt i volum, med sine 1487 kubikkmeter. Det er mellom 2300 og 2700 år gammalt og ragar 83,8 meter over bakken. Diameteren til stammen er på det tjukkaste nesten 11 meter, og omkrinsen er 31 meter.

Eit anna berømt tre av Sequoiadendron var «Wawona-treet», eller tunneltreet, som med eit stammeomfang på 25 meter hadde fått hogd ut ein tunnel for biltrafikk gjennom stammen. Dette 71 meter høge treet døydde i 1969.

Rekordar for levande mammuttre

Største tre målte i volum

  • General Sherman lever i Giant Forest og volumet er berekna til 1487 kubikkmeter.

Høgaste

  • Eit tre som lever i Redwood Mountain Grove er målt til 95 meter.

Eldste

  • The Muir Snag, som lever i Converse Basin Grove, er truleg over 3500 år gammalt.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mammuttre
Sequoiadendron giganteum
Artsdatabanken-ID
161658
GBIF-ID
2684120

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg