Hopp til innhold
X
Innhald

Marikåpe

Marikåpe (latin Alchemilla), slekt med fleirårige, små urter i rosefamilien. Dei har handlappa eller kopla blad og usjålege, gulgrøne blomstrar i halvskjermforma kvastar eller nøste. Fjellmarikåpe, A. alpina, blir 10 cm høg og har silkelòdne kopla blad. Ho veks i fjellet over heile Noreg, men går òg langt ned i låglandet. Alle dei andre artane har heile blad. I Noreg finst det 16 nærståande artar som gjerne blir rekna til samlearten A. vulgaris.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013