Hopp til innhold
X
Innhald

Masimjelt

Masimjelt (latin Oxytropis deflexa underart norvegica), 10 cm høg plante med nedliggjande stengel med utståande hår. Blada er ullhåra og har 13 finnepar. Blomstrane er gråkvite og hengjande, og seinare hengjande belger i 10 cm lange klasar.
 
Masimjelt veks på kalkrik grus, og er i Europa berre kjend frå Masi og Kautokeino. Arten er freda i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.02.2013
Sist oppdatert: 05.02.2013