Hopp til innhold
  Marimjelle. Foto: Peter Hanegraaf, flickr.com
Marimjelle. Foto: Peter Hanegraaf, flickr.com
X
Innhald

Maskeblomsterfamilien

Maskeblomsterfamilien (latin Scrophulariaceae), tofrøblada plantefamilie med om lag 3000 artar, urter, buskar og nokre tre. Artane har spreidde, motsette blad, uregelmessige 5- eller 4-talsblomstrar med overleppe og underleppe, og to korte og to lange pollenberarar. Frukta er ein kapsel med mange frø. Familien har mange halvsnyltarar, som marimjelle, augetrøyst og engkall, og enkelte heilsnyltarar, som skjelrot.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.02.2013
Sist oppdatert: 05.02.2013