Hopp til innhold
 Melon. Foto: Judy Knesel, flickr.com
Melon. Foto: Judy Knesel, flickr.com
X
Innhald

Melon

Melon (latin Cucumis melo), eittårig urt i graskarfamilien med meterlange stenglar, 5-lappa blad og gule blomstrar. Frukta er eit saftig bær. Melon stammar frå Søraust-Asia og har vore dyrka sidan oldtida. Arten opptrer i fleire kulturformer med ulike fargar på skala, som ogenmelon, nettmelon, honningmelon og cantaloupe.
Melonen kom til Noreg omkring år 1700, men her kan ein berre dyrke han i drivhus eller benk. Vassmelon høyrer til ei anna slekt, Citrullus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.02.2013
Sist oppdatert: 06.02.2013