Hopp til innhold
 Middagsblom. Foto: dnnya17, flickr.com
Middagsblom. Foto: dnnya17, flickr.com
X
Innhald

Middagsblom

Middagsblom (latin Dorotheanthus), sørafrikansk slekt i familien Aizoaceae med eitt- til toårige planter som veks i ørken eller ørkenaktige strok. Dei fleste er urter med tjukke, kjøtfulle, greinete og oftast krypande til nedliggjande stenglar. Blada er skruestilte eller motsette blad, og blomstrane er kvite, rosa eller raude og berre opne midt på dagen. D. bellidiformis er ei vanleg dyrka prydplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.02.2013
Sist oppdatert: 13.02.2013