Hopp til innhold
Mispel, foto: Gordon Noone, flickr.com
Mispel, foto: Gordon Noone, flickr.com
X
Innhald

Mispel

Mispel (latin Cotoneaster), slekt i rosefamilien med mest låge buskar, men også nokre små tre. Dei manglar tornar og har heilranda blad og små blomstrar samla i halvskjermar. Frukta er eit steineple. Slekta omfattar om lag 50 artar i tempererte område i Europa, Afrika og Asia.
I Noreg veks to av artane vilt. Dvergmispel, C. integerrima, blir inntil 1 m høg og har kuleforma, raude frukter med 2–5 steinar. Han veks på tørre, solvarme stader nord til Nordland, og er også kalla bergvier, iselja og tindved (fordi ein kan bruke veden til rivetindar). Svartmispel, C. melanocarpa eller niger, veks omkring Oslofjorden og har større, blåsvarte frukter. Mange artar er vanlege planta som prydbuskar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.02.2013
Sist oppdatert: 13.02.2013