Hopp til innhold
Foto: Jürgen Mangelsdorf, Flickr.com CC-BY
Foto: Jürgen Mangelsdorf, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Misteltein

Misteltein (latin Viscum album), 50 cm lang, gulgrøn halvsnyltar i mistelteinfamilien. Han er ein busk og snyltar både på bartre og lauvtre. I Noreg er arten berre kjend frå lauvtre, mest lind og løn. Han er utbreidd omkring Oslofjorden, men blir no sterkt spreidd på grunn av den generelle klimaforbetringa. Frukta er ei kvit, kleimete bærfrukt med grøne frø som blir spreidde med fugl. Misteltein er ei gammal medisinplante, og ho vart tidlegare rekna som heilag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.04.2013
Sist oppdatert: 10.04.2013