Mjødurt på Søndre Sandøy, Hvaler
Mjødurt på Søndre Sandøy, Hvaler
Mjødurt på Søndre Sandøy, Hvaler
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Mjødurt: blomestand med gullbasse. Kenozero nasjonalpark, Arkhangelsk, Russland.

Mjødurt er ei fleirårig urt i mjødurtslekta i rosefamilien. Mjødurt kan bli frå 50 til 150 centimeter høg. Grunnblada er store og finnete med mørk grøn overside og lysare underside, og endar i treflika endesmåblad.

Faktaboks

Etymologi

slektsnamnet kjem av latin ‘hengende tråd’, medan artsepitetet kjem av latin ‘alm-liknande’

Vitskapeleg namn
Filipendula ulmaria
Beskriven av
(L.) Maxim.
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Dei små kremkvite blomane er radiærsymmetriske med fem kronblad og sit mange saman i ein stor og flat topp. Dei veks på fuktige stader i heile landet og er pollinerte av insekt. Blomane har ein sterk, søt og mandelaktig duft, og har vorte brukt som krydder i mjød. Fruktene som blir danna, er smånøtter.

Utbreiing

Mjødurt høyrer heime i Europa og nordlege område i Asia. Ho veks på fuktige stader i heile Noreg, heilt opp til snaufjellet. Mjødurt kan på grunn av dei underjordiske greinete stenglane danne store samanhengande bestandar som dekkjer marka heilt. Planten er ikkje giftig, men bortsett frå dei unge blada blir han vald bort av dyra.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Domene Eukaryotar Eukarya
Rike Planteriket Plantae
Rekke Dekkfrøa plantar Angiospermae
Klasse Ekte tofrøblada plantar Eudicotidae
Klade Rosidane Rosidae
Orden Roseordenen Rosales
Familie Rosefamilien Rosaceae
Slekt Mjødurtslekta Filipendula
Art Mjødurt Filipendula ulmaria

Bruk

Mjødurt smaker godt saman med bær og frukt, og kan brukast i fruktkompott, syltetøy og gelé́. Ho kan også nyttast til å setja smak på eddik og fruktdrikker.

Urta har vorte brukt til å krydre mjød, øl, brennevin og vin. Derav namnet mjødurt.

Mjødurt inneheld mykje C-vitamin.

Historie

Bruken av mjødurt som medisin- og duftplante har ein lang tradisjon i Norden. Planterestar har vorte funne i graver frå så langt tilbake som bronsealderen. I mellomalderen var mjødurt ei populær strøurt. Strøurter var mykje brukt i kyrkjer og heimar, spesielt i samband med bryllaup og gravferder. Dei vart strødde utover golva både for å få ei behageleg lukt inne og for å halde utøy borte. Planten blir også brukt i potpurri.

Innan folkemedisinen har mjødurt vorte brukt mot mellom anna hovudverk, kvalme, feber og krampar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mjødurt
Filipendula ulmaria
Tidlegare vitskapleg namn
Ulmaria pentapetala Gilib., Spiraea denudata J.Presl & C.Presl, Spiraea ulmaria L., Filipendula denudata (J.Presl & C.Presl) Fritsch, Filipendula ulmaria denudata (J.Presl & C.Presl) Beck, Filipendula ulmaria denudata (J.Presl & C.Presl) Hayek
Artsdatabanken-ID
103310
GBIF-ID
2987999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg