Hopp til innhold
 Mogop. Foto: Werner Witte, flickr.com
Mogop. Foto: Werner Witte, flickr.com
X
Innhald

Mogop

Mogop (latin Pulsatilla vernalis; tidlegare Anemone v.), 10 cm høg, fleirårig plante i soleiefamilien. Ho har ein rosett med tjukke, lêraktige blad som overvintrar og ein stor, opprett blomster som etter kvart blir hengjande, for så igjen å bli opprett under fruktstadiet. Griflane veks ut til ein fjørkost.
 
Mogop er vårblomstrande på tørre stader, furumoar og også i fjellet (i Jotunheimen til 1840 m).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013