Hopp til innhold
X
Innhald

Molte

Molte, 15 cm høg myrplante i rosefamilien. Frukta, som er sett saman av mange små steinfrukter, er først raud og fast, seinare gul og saftig. Det er forbode å plukke moltekart.

Molte (latin Rubus chamaemorus), 15 cm høg myrplante i rosefamilien. Ho er ei fleirårig urt med mørkegrøne, lappa blad og ein stor, kvit blomster i toppen. Det er eigne hann- og hoplanter. Frukta, som er sett saman av mange små steinfrukter, er først raud og fast, seinare gul og saftig.

Arten veks på torvmyrar og i fuktige kratt, og han er vanleg over heile Noreg. Eit generelt forbod mot å plukke moltekart gjeld for heile landet. Til å vere fjellplante er fruktsetjinga svært sårbar for frost, og berre ein time med frost kan øydeleggje heile moltehausten.

Molter er ein høgt skatta ressurs, særleg i dei tre nordlegaste fylka i Noreg. Det er eigne reglar for molteplukking i Nordland, Troms og Finnmark.

galleri

Sjå video om molteplukking i Finnmark få NRK Skole. Klippet er på samisk.

 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2013
Sist oppdatert: 10.07.2018