Hopp til innhold
 Myrklegg. Foto: Tico, flickr.com
Myrklegg. Foto: Tico, flickr.com
X
Innhald

Myrklegg

Myrklegg (latin Pedicularis), slekt med halvsnyltarar i maskeblomsterfamilien. Artane er grøne eller brungrøne planter med spreidde, motsette eller kransstilte blad som er flika eller finna. Blomstrane er raude, gule eller nesten kvite, og samla i aks eller klasar.
Slekta har om lag 500 artar, dei fleste i Asia. I Noreg finst det sju viltveksande artar. Vanleg myrklegg, P. palustris, har ei mørkt roseraud krone og veks på fuktige enger og grasmyrar over heile landet. Fleire artar er typiske for fjellstrok, og veks gjerne på kalkhaldig jord eller i grus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013