Hopp til innhold

 Snøull. Foto: Randi Hausken, flickr.com
Snøull. Foto: Randi Hausken, flickr.com
X
Innhald

Myrull

Myrull (latin Eriophorum), slekt med fleirårige myrplanter i storrfamilien. Dei har lange, smale og flate eller trådforma blad, og blomstrane er samla i aks. Blomsterdekket veks ut til fin, mjuk ull som er kvit eller rustfarga.
 
 
I Noreg finst det åtte artar, og dei vanlegaste er torvmyrull, E. vaginatum, på torvmyrar, snømyrull, E. scheuchzeri, i fjelltrakter og nordpå, og duskmyrull, E. angustifolium, den aller vanlegaste arten, på myrar over heile landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013