Hopp til innhold
Nattdronning. Foto: dafiana, flickr.com
Nattdronning. Foto: dafiana, flickr.com
X
Innhald

Nattdronning

Nattdronning (latin Selenicereus grandiflorus), planteart i kaktusfamilien som høyrer til slekta ormekaktus. Artane i denne slekta har slyngjande og klatrande artar med luftrøter, og dei er spesielt kjende for dei store blomstrane sine. Nattdronning har velluktande, gulkvite blomstrar som blir 30 cm lange og berre er opne nokre få timar om natta.
 
Planta høyrer heime på Jamaica, men blir dyrka som stoveplante i Noreg. Ho krev høg temperatur, ein solrik veksestad og næringsrik jord.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013