Hopp til innhold

 Vanleg nattfiol. Foto: José María Escolano, flickr.com
Vanleg nattfiol. Foto: José María Escolano, flickr.com
X
Innhald

Nattfiol

Nattfiol (latin Platanthera), orkidéslekt i marihandfamilien med eitt eller to store, grunnstilte blad, kantete stengel og aks med store blomstrar. Desse luktar spesielt sterkt om kvelden og natta.
 
I Noreg veks tre artar vilt. Vanleg nattfiol, P. bifolia, blir 30 cm høg og kvitblomstra, og veks nord til Finnmark. Grov nattfiol, P. chlorantha, blir 40 cm høg, har grønkvite blomstrar og veks nord til Trøndelag, Sibirnattfiol, P. obligantha, blir 10 cm høg og veks i Troms og Finnmark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013