Hopp til innhold
 Vasslilje. Foto: Radio Tonreg, flickr.com
Vasslilje. Foto: Radio Tonreg, flickr.com
X
Innhald

Nykkerose

Nykkerose eller vasslilje, vassplanter i ulike slekter i nykkerosefamilien. Stor nykkerose, Nymphaea alba, har store, kvite blomstrar og runde blad. Desse er ofte meir enn 20 cm breie og sit på lange stilkar slik at dei flyt i vassoverflata.
 
Gul nykkerose, Nuphar lutea, har store, gule blomstrar. Begge veks i tjørner og innsjøar over nesten heile Noreg. Fleire hybridsortar med kvite, gule eller raude blomstrar er svært hardføre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013