Hopp til innhold
 Vasslilje. Foto: Radio Tonreg, flickr.com
Vasslilje. Foto: Radio Tonreg, flickr.com
X
Innhald

Nykkerosefamilien

Nykkerosefamilien (latin Nymphaeaceae), frikrona plantefamilie med om lag 100 artar vass- og sumpplanter i tempererte og tropiske strok. Mange artar har store blomstrar og store blad som flyt i vassoverflata. Til desse høyrer mellom anna dei viltveksande kvite og gule nykkerosene våre (vassliljer) og den egyptiske og den indiske lotusblomen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013