Hopp til innhold
Foto: International Institute of Tropical Agriculture, Flickr.com CC-BY
Foto: International Institute of Tropical Agriculture, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Oljepalme

Oljepalme (latin Elaeis guineensis), 6–8 m høg fjørpalme som opphavleg kjem frå tropisk Vest-Afrika. Blada dannar ein fjørdusk i toppen, og dei blir like lange som treet. Blomstrane sit i tette samlingar, og frukta minner om ei plomme. Heile fruktsamlinga kan vege 10 kg. Oljepalmen er ei svært viktig kulturplante der absolutt alt kan brukast. Fruktene i form av mjøl er eit svært viktig fiskefôr i norsk oppdrettsnæring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2013
Sist oppdatert: 12.04.2013