Hopp til innhold
 Svartor. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Svartor. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Or

Or (latin Alnus) eller older, slekt med rakletre og buskar i bjørkefamilien. Dei har sagtanna blad og langstilka vinterknoppar. Hannraklane er langstrekte, medan horaklane er kuleforma («orekonglar»).
 
Slekta har 35 artar, og to av dei veks vilt i Noreg: gråor, A. incana, som blir 5 m høg og har spisse blad, og svartor, A. glutinosa, som blir 10 m høg og har butte blad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2013
Sist oppdatert: 15.02.2013