Hopp til innhold
Østersurt. Foto: Randi Hausken, Flickr.com CC-BY
Østersurt. Foto: Randi Hausken, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Østersurt

Østersurt (latin Mertensia maritima), fleirårig urt i rubladfamilien med nedliggjande stengel og kjøtfulle, blågrøne blad med østerssmak. Blomstrane er først raude, men seinare reint blå, og dei sit i tette halvskjermar. Østersurt er ein halofytt (dvs. ei saltbotnsplante) som toler å bli skylt over av saltvatn.
Arten veks langs heile kysten frå ytre Oslofjorden, men krev reint sjøvatn. Østersurt finst difor ikkje inne i fjordane, men derimot både på Jan Mayen og Svalbard.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.06.2013
Sist oppdatert: 18.06.2013