Hopp til innhold
 Paranøtt. Foto: C.E. Timothy Paine, flickr.com
Paranøtt. Foto: C.E. Timothy Paine, flickr.com
X
Innhald

Paranøtter

Paranøtter eller brasilnøtter, frøa av Bertholletia excelsa, eit inntil 30 m høgt tre som veks i Brasil, Guyana, Venezuela og på Trinidad. Kapselfrukta er stor som ein melon, har tjukt og hardt ytre skal og inneheld 16–20 trekanta frø (nøtter), som er 3–4 cm lange og har hardt skal. Frøkviten er oljehaldig og velsmakande, og er også brukt til framstilling av matolje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2013
Sist oppdatert: 15.02.2013