Hopp til innhold
 Peparrot. Foto: Danelion And Burdock, flickr.com
Peparrot. Foto: Danelion And Burdock, flickr.com
X
Innhald

Peparrot

Peparrot (latin Armoracia rusticana), inntil 1 m høg, fleirårig art i krossblomsterfamilien med langstilka, fleire desimeter lange grunnblad og sitjande stengelblad. Rota er lang og tappforma, og ho inneheld ein skarp, eterisk olje som ein nyttar som grønsak og krydder.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013