Hopp til innhold
 Perleblom. Foto: Anders Solberg, flickr.com
Perleblom. Foto: Anders Solberg, flickr.com
X
Innhald

Perleblom

Perleblom (latin Muscari), slekt med 50 artar i liljefamilien. Dei er laukplanter med smale grunnblad og kuleforma, blå blomstrar i klasar på bladlause stenglar. Artane kjem opphavleg frå middelhavslanda og Orienten.
 
Perleblom (M. botryoides) er ei svært populær vårplante i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013