Hopp til innhold
 Persille. Foto: Maja Dumat, flickr.com
Persille. Foto: Maja Dumat, flickr.com
X
Innhald

Persille

Persille (latin Petroselinum crispum), opptil meterhøg urt i skjermplantefamilien med greina stengel, sterkt oppdelte blad og karakteristisk lukt. Blomstrane er små og gulgrøne eller raudaktige. Arten blir dyrka i to hovudformer: bladpersille (medrekna kruspersille) og persillerot.
 
Persille er ei gammal nytteplante frå middelhavslanda, og ho var tidlegare også brukt som medisinplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013