Hopp til innhold
 Fjellpestrot. Foto: Leilah Thiel, flickr.com
Fjellpestrot. Foto: Leilah Thiel, flickr.com
X
Innhald

Pestrot

Pestrot (latin Petasites), planteslekt med fleirårige, grove urter i korgblomsterfamilien. Blomsterstenglane kjem om våren, oftast før blada blir utvikla.
 
I Noreg finst det tre artar, men berre fjellpestrot, P. frigidus, med kvite eller lyseraude blomstrar er opphavleg viltveksande. Kvit pestrot, P. albus, og legepestrot, P. hybridus, finst forvilla, men var opphavleg planta som medisinplanter mot pest.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013