Hopp til innhold
 Piggknopp. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
Piggknopp. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
X
Innhald

Piggknopp

Piggknopp (latin Sparganium), fleirårige vass- og sumpplanter i piggknoppfamilien med lange, jambreie blad. Blomstrane er einkjønna og samla i tette hovud eller kuler. Hannkulene sit i toppen og hokulene nedst.
 
I Noreg finst det sju artar, og dei vanlegaste er småpiggknopp, S. minimum, fjellpiggknopp, S. hyperboreum, og flòtgras, S. affine.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013