Hopp til innhold
 Gjeldkarve. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
Gjeldkarve. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
X
Innhald

Pimpinella

Pimpinella, planteslekt med 150 artar i skjermplantefamilien. To av desse veks vilt i Noreg, nemleg vanleg gjeldkarve, P. saxifraga, og stor gjeldkarve, P. major. Den første har ei greina og seig rot med stram lukt og beisk smak. Ho har vore brukt som medisinplante og veks nord til Troms. Til slekta høyrer også dyrka anis, P. anisum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013