Hopp til innhold
 Pipeholurt. Foto Stadtkatze, flickr.com
Pipeholurt. Foto Stadtkatze, flickr.com
X
Innhald

Pipeholurt

Pipeholurt (latin Aristolochia macrophylla), vanleg dyrka, rasktveksande slyngplante frå USA i familien Aristolochiaceae. Planta har breie, hjarteforma blad og usjålege brune blomstrar som minner om pipehovud. Pollen blir overført via fluger som blir haldne fanga nede i blomstrane til pollineringsprosessen er sikra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013