Hopp til innhold
 Plomme. Foto: Alexandre Dulaunoy, flickr.com
Plomme. Foto: Alexandre Dulaunoy, flickr.com
X
Innhald

Plomme

Plomme, frukttre i slekta Prunus i rosefamilien. Dyrka plommeartar har oppstått ved kryssingar av fleire artar.
Dei sortane som blir dyrka i Noreg, er etterkomarar etter sviskeplomme, P. domestica, vanleg plomme, P. instititia, edelplomme, P. italica, og mirabellplomme, P. syriaca. Kirsebærplomme, P. cerasifera, har tent som grunnstamme for mange sortar i Noreg. Plomma har vore kjend i Noreg sidan vikingtida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013