Hopp til innhold
Foto: Ole Husby, Flickr.com CC-BY
Foto: Ole Husby, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Pors

Pors (latin Myrica gale), 50 cm høg busk i porsfamilien. Planta har lansettforma og sagtanna blad, og ho blomstrar på berr kvist i april–mai. Blomstrane er samla i raklar på einkjønna planter. Pors har ei sterk, aromatisk lukt som kjem frå små harpikskjertlar. Arten har tidlegare vore brukt til ølbrygging, møllmiddel og garving. Han er svakt kystbunden frå Oslofjorden til Troms, men finst også hist og her på Austlandet. Porsen har gitt namn til Porsgrunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013