Hopp til innhold
Skuggesildre. Foto: Niall McAuley, flickr.com
Skuggesildre. Foto: Niall McAuley, flickr.com
X
Innhald

Porselensblom

Porselensblom, namn på to ulike prydplanter: skuggesildre, Saxifraga umbrosa, ein 30 cm høg sildreart med gul- og raudflekkete, kvite blomstrar, og slekta voksblom, Hoya, slyngplanter med eviggrøne blad og porselensaktige blomstrar. Dei sistnemnde er mykje brukte som stoveplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 26.02.2013