Hopp til innhold

 Marianøkleblom. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
Marianøkleblom. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
X
Innhald

Primula

Primula eller nøkleblom, slekt med om lag 500 artar i nøkleblomfamilien. Fem av dei veks vilt i Noreg: marianøkleblom, kusymre, fjellnøkleblom, smalnøkleblom og finnmarksnøkleblom. Primula-artane er fleirårige urter med bladrosett og blomstrar i ein enkel skjerm på ein bladlaus stengel. Til slekta høyrer også mange dyrka artar og former.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 26.02.2013