Hopp til innhold

 Foto: Søren Holt, flickr.com
Foto: Søren Holt, flickr.com
X
Innhald

Rabarbra

Rabarbra, planteslekt med om lag 50 artar i syrefamilien. I Kina har ein dyrka rabarbra i meir enn 5000 år.

Rabarbra (latin Rheum), planteslekt med om lag 50 artar i syrefamilien. Dei fleste viltveksande artane høyrer heime i Sentral- og Vest-Asia. Artane har store, hjarteforma blad med tjukke, saftige bladstilkar og høge, greinete blomsterstandar. Den syrlege smaken kjem hovudsakleg av oksalsyre. I Kina har ein dyrka rabarbra i meir enn 5000 år.
 
Foto: doraemon, flickr.com CC BY 2.0
Foto: doraemon, flickr.com CC BY 2.0

I Noreg har ein dyrka rabarbra sidan byrjinga på 1800-talet. Bladstilkane vert brukte til suppe, graut, syltetøy, dessertar og vin.
 
 
Rabarbrakompott til dessert. Foto: Lars Kristian Flem, flickr.com CC BY2.0
 
Rabarbrakompott til dessert. Foto: Lars Kristian Flem, flickr.com CC BY2.0

Høyr lydklipp frå NRK Skole Rabarbraens historie:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 25.08.2014