Hopp til innhold
X
Innhald

Raps

Raps (latin Brassica napus var. oleifera), oljeplante som høyrer til kålslekta i krossblomsterfamilien. Blada er tjukke og blådogne, og av frøa pressar ein rapsolje, som ein kan bruke til matolje, smøreolje, brensel og i såpeindustrien. Restane nyttar ein som fôrkaker. I Noreg er rapsavlingane brukte som kraftfôr. Ein nærståande varietet er rybs, som også er ei oljeplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.04.2013
Sist oppdatert: 15.04.2013