Hopp til innhold

 Åkerraudtopp. Foto: Jurgen Mangelsdorf, flickr.com
Åkerraudtopp. Foto: Jurgen Mangelsdorf, flickr.com
X
Innhald

Raudtopp

Raudtopp (latin Odontites), planteslekt i maskeblomsterfamilien. Artane er halvsnyltarar med motsette blad og leppeforma, raude blomstrar i nikkande klasar.
To artar veks vilt i Noreg: åkerraudtopp, O. rubra, ei 10–50 cm høg ugrasplante som ein finn i Sør-Noreg, og strandraudtopp, O. litoralis, som er 5–25 cm høg.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 26.02.2013