Hopp til innhold
 Redikk. Foto: Zachi Evenor, flickr.com
Redikk. Foto: Zachi Evenor, flickr.com
X
Innhald

Reddik

Reddik (latin Raphanus), slekt i krossblomsterfamilien med eitt- eller toårige planter. Dei har finna blad og gule, kvite eller fiolette blomstrar. Frukta er ei leddskulpe som brekker opp i enkelte ledd ved mogninga.
 
Åkerreddik, R. raphanistrum, med bleikgule blomstrar er eit ugras som finst i heile landet. Hagereddik, R. sativus, som opphavleg kjem frå Asia, blir dyrka i fleire varietetar og talrike kulturformer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 26.02.2013