Hopp til innhold
 Reinrose. Foto: Luis M., flickr.com
Reinrose. Foto: Luis M., flickr.com
X
Innhald

Reinrose

Reinrose (latin Dryas octopetala), teppedannande, liten busk med 1 cm tjukke stammar i rosefamilien. Reinrose er ei fjellplante.
 

Reinrose (latin Dryas octopetala), teppedannande, liten busk med 1 cm tjukke stammar i rosefamilien. Blada er små og lêraktige med kvitfilta underside. Blomstrane er kvite og sit enkeltvis på 3–5 cm lange stilkar. Reinrose er ei fjellplante, men ho går ned til havnivå i Nord-Noreg.

Reinrosa er fylkesblome i Sør-Trøndelag.
 
Sjå video om fjellflora frå NRK Skole:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 04.08.2014