Hopp til innhold
X
Innhald

Reseda

Reseda slekt frå middelhavslanda med 60 artar eitt- eller toårige planter i resedafamilien. Dei har spreidde blad og blomstrar i klasar eller aks. Fargereseda, R. luteola, ei inntil meterhøg urt, var tidlegare ei mykje brukt fargeplante. Hagereseda, R. odorata, ei 30 cm høg urt, blir dyrka som prydplante på grunn av ei særeiga vellukt. Enkelte artar har vore brukte i folkemedisinen.

Hagereseda. Foto: koizumi, flickr.com cc by 2.0
Hagereseda. Foto: koizumi, flickr.com cc by 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 26.08.2013