Hopp til innhold
X
Innhald

Revebjølle

Revebjølle (latin Digitalis purpurea), veks vilt i Noreg. Blada vert brukte til hjartemedisin.

Revebjølle (latin Digitalis purpurea), inntil 150 cm høg toårig art i maskeblomsterfamilien. Det første året utviklar det seg ein bladrosett, og det neste året ein stengel med ein slank, einsidig blomsterstand med hengjande, purpurraude, klokkeforma blomstrar. Arten veks i kysttraktene frå Langesundsfjorden til Nord-Trøndelag. Han er giftig, men blada har vore og blir brukte til hjartemedisin.

Revebjølle. Foto: Manuel Martin Vicente, flickr.com CC BY 20
Revebjølle. Foto: Manuel Martin Vicente, flickr.com CC BY 20

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 24.07.2014